Av: Øyvind Lyslo, fylkesmusikkleiar i Sogn og Fjordane

Skulekonsertane til Rikskonsertane er eit både unikt og sært konserttilbod. Tenk deg ein konsert der publikum rett og slett ikkje har noko val, dei berre MÅ vere der. Ikkje har dei kjøpt billett heller, og dei færraste har peiling på at kommunen dei bur i betalar ni kroner for kvar elev som eigendel for konserten. Nokre av lærarane veit kanskje at verdien av konserten i kroner og øre er seks-sju gonger høgare enn dei kronene som blir lagt i potten, sjølv om det kanskje ikkje er så mange som tenkjer over at her får ein utruleg mykje att for pengane. For både elevane og lærarane er det utan tvil sjølve konsertopplevinga og ramma kring denne som aller viktigast.

Både lærarar og elevar veit nok at ein skulekonsert er særskilt tilrettelagt for aldersgruppa, kanskje også med forventningar om medverknad frå publikum si side. Nokre gonger er det elevane som skal fram på scena og spele i lag med musikarane, eller kanskje til og med synge og danse. Av og til skal kanskje lærarane fram! Men det er sannsynlegvis ikkje så mange som tenkjer over at dei fleste skulekonsertmusikarar er minst like opptekne av å lukkast med å få kontakt med publikum som med å framføre musikken sin. Som oftast er dette to sider av same sak, og noko som kjenneteiknar god skulekonsertformidling.

Men kva skal til for å verte ein dyktig skulekonsertutøvar? Kva kvalitetar ser ein etter og korleis skal ein klare å dyrke dei fram? Og ikkje minst – kvifor er akkurat desse kvalitetane viktige?

Det magiske møtet
For å kunne gje gode svar på desse viktige spørsmåla, kan det vere lurt å tenkje seg litt om. Javel, ein skulekonsert er ikkje ein vanleg konsert. Men kommunikasjonen, kontakten og dialogen mellom utøvarar og elevane som publikum, representerer likevel noko universelt når det gjeld formidling. Ein skulekonsert skal vere eit unikt møte mellom utøvarar og elevar. Gjennom desse møta vert unge menneske påverka, nokre av dei får sitt aller fyrste møte med ein musikksjanger dei knapt visste eksisterte, andre får kanskje inspirasjon til å ynskje å lære eit instrument sjølv. Dei som alt spelar eit instrument får kanskje til og med prøve seg framfor sine medelevar som publikum, i lag med musikarane. Mange slike augeblikk og opplevingar blir milepælar i utviklinga av unge potensialt musikalske sjeler, og noko som kan inspirere til å kunne få glede av musikk gjennom heile livet, anten det er som tilhøyrar eller utøvar.

Ønskekvistmodellen
Det kviler eit stort ansvar på dei utøvarane som Rikskonsertane og fylkeskommunane engasjerer for å gje desse unge sine fyrste konsertopplevingar. Ein skulekonsertutøvar må ha ein brei og samansett kompetanse i tillegg til å vere ein dyktig instrumentalist eller songar. Ei rettesnor for kva ein ser etter i ein skulekonsertutøvar kan vere dei kriteria ein elles nyttar for å vurdere kvalitet når det gjeld ei framsyning eller ein konsert. Når det ikkje er tilstrekkeleg å vere god på instrumentet sitt, kva ser ein då etter i tillegg?

Rikskonsertane sitt programråd nyttar Ønskekvistmodellen til dette (Langsted, Hannah, Larsen 2008). Denne modellen syner seg å vere godt eigna når det gjeld kvalitetsvurdering av kunstnarleg verksemd. I utgangspunktet var dette ein modell for vurdering av meir sceniske produksjonar, men erfaringane med Ønskekvistmodellen i skulekonsertsamanheng er svært gode. Dei tre danske omgrepa ”villen”, ”kunnen” og ”skullen” representerer i denne modellen tre viktige innfallsvinklar som er til god hjelp når ein skal vurdere kvalitet innan musikkformidling. Ofte grip dei inn i kvarandre, men like fullt representerer omgrepa viktige og nyttige vurderingskriteriar.

Kvar av dei tre “aksane” i Ønskekvistmodellen må halde ein høg standard for at konserten som heilskapleg oppleving skal verte best mogleg. Modellen er soleis nyttig, både når det gjeld vurdering av kvalitetane ein ser etter i sjølve skulekonsertprogrammet, i tillegg til utøvarkompetansen og formidlingsevna. Dette er vesentlege kvalitetar hos dyktige skulekonsertutøvarar.

Villen
Det er viktig å sjå etter om ein utøvar ”vil” uttrykke noko med programmet, har han eller ho vilje til å kommunisere dette på ein god måte til publikum? Er utøvaren ein dyktig formidlar? Oppnår han/ho god kontakt med elevane eller sine eigne medmusikantar, klarar ho eller han å skape det magiske møtet med publikum, klarar musikarane å begeistre og berøre sitt publikum?

Kunnen
Å kunne sitt musikalske og kunstnarlege handverk er ein viktig føresetnad for å kunne lykkast på ein skulekonsert. ”Kunnen” er soleis ein akse som seier noko om utøvaren sitt instrumentale kompetansenivå, noko som også naturlegvis må sjåast i samanheng med den aktuelle sjangeren. Å vere dyktig på sitt instrument har ofte mykje å seie for kvaliteten på formidlinga, men det ligg ikkje nokon automatikk i dette. Ikkje alle utøvarar er like gode på formidling, sjølv om dei er dyktige på sine instrument. Her spelar sjølvsagt også tilhøvet til ulike målgrupper inn, formidling blir soleis eit omgrep med mange ulike fasettar.

Skullen
Eit godt skulekonsertprogram må også ha ein relevans for målgruppa, "skullen". Programmet må ha noko å seie til publikum, ein bodskap eller eit mål, gjerne i eit større heilskapleg perspektiv. Ideelt sett ynskjer ein at elevane skal oppleve det som viktig å vere tilstades, dette vil dei rett og slett ikkje gå glipp av. Dersom utøvarane har ein visjon med programmet dei lagar, vil arbeidet med til dømes form og innhald verte påverka, heilt i frå den tidlege planleggingsfasen. I tillegg vil den dyktige skulekonsertutøvaren ha fokus på elevane, gjennom planlegging av før- og etterarbeid, og ikkje minst ulike pedagogiske tangeringspunkt mellom skulekonsertprogrammet og andre fag. Her spelar også produsenten ei viktig rolle som rettleiar.

Dramaturgiske utfordringar
Dramaturgi er eit sentralt omgrep når det gjeld å lage gode skulekonsertproduksjonar, og kanskje den aller viktigaste dimensjonen når det gjeld kva som utgjer skilnaden på ein god og ein mindre god skulekonsertproduksjon. Det er kanskje også svaret på spørsmålet om kvifor drivande dyktige utøvarar ikkje får programmet sitt godkjent i programrådet.

Noko av det fyrste underteikna fekk vere med på som skuleprodusent var eit foredrag på ei produsentsamling om dramaturgi, der det klassiske drama var tema. For den dyktige skulekonsertutøvaren er dette ein type basiskompetanse som det er viktig å kunne noko om. Kunnskap om dramaturgi vert ofte vektlagt for lite i utdanningsinstitusjonane. I skulekonsertsamanheng er dette likevel ein type kompetanse som absolutt er på line med generell instrumental- og formidlingskompetanse.

By på seg sjølv
Ein må ikkje gløyme at ein viktig faktor for å lykkast er å kunne “by på seg sjølv”, finne ut kva ein er god på og kunne bruke desse eigenskapane og sterke sidene. Ein velutvikla fantasi er god å ha, og det kan vere nyttig å skape eit rom for det kreative og fantasifulle der det er høgt under taket. Ein vil også ha godt av å gje seg sjølv nokre utfordringar på andre område enn dei reint instrumentale, dette kan også vere utviklande dersom ein til dømes har eit unytta potensiale i ei anna retning, kanskje ein hemmeleg draum om å få gjere noko heilt anna? Dette vil også skape variasjon i konserten, og kunne vere element som kan overraske publikum, kanskje særleg på eit tidspunkt i konserten der konsentrasjonen er litt på hell.

Her vil kunnskap om dramaturgi vere til stor nytte. Grunnleggande kunnskap om korleis ein byggjer opp ei framsyning både når det gjeld anslag (starten på konserten), spenningskurva eller høgdepunktet har mykje å seie for skulekonserten som sjanger, og for at ein skal lykkast som skulekonsertutøvar. Dramaturgiske omgrep som “det gylne snitt” eller “det klassiske drama” bør ha ein sjølvsagt plass i “safen” i kunnskapsbanken til dyktige skulekonsertutøvarar. Ein kan fordele “godbitane” strategisk utover i konserten, legge inn “bankers-punkt” i programmet der ein forventar ein viss konsentrasjonssvikt. Dette kan gjerast ved til dømes å legge inn ein elevaktivitet eller noko litt sprøtt eller absurd, ein spennande konkurranse eller ei vanskeleg utfordring til publikum (eller kanskje til seg sjølv…?). Slike dramaturgiske element må likevel ikkje gå på kostnad av den grunnleggande programidéen. Dramaturgien skal fungere som eit verktøy for å oppnå eit mål. Ein skal helst sjå både skogen og trea.

Her er det med andre ord rom for eit enormt spekter av opplevingar, medverknad og impulsar i ein interaktiv konsertsituasjon med mange fasettar, frå reine lyttaropplevingar til intens medverknad frå elevane si side.

Fleire roller
Ein skulekonsertutøvar med ambisjonar må ha eit blikk for det musikalske innhaldet i eit større, heilskapleg perspektiv, der ein også rettar merksemda mot ulike sider ved læringsmåla i skulen. Ein bør også ha ei bevisst haldning til rollene ein har både før, under og etter skulekonserten. På konsertdagen må utøvarane vere bevisst på at dei er representantar for både Rikskonsertane og fylkeskommunen i møtet med både vaktmeister, kulturkontakt, elevarrangørar, inspektør, rektor og lærarar. Då er det viktig med gode kommunikasjonsevner og vilje til å lytte, og ikkje minst vere kreativ og løysingsorientert når ein skal rigge opp og ned på nye konsertstader fleire gonger for dagen.

Berøre, overraske og begeistre
Musikk er eit språk som både har ein intellektuell og ein emosjonell dimensjon. Ein skulekonsertutøvar må kunne ta utgangspunkt i begge deler, og kunne skape opplevingar som både berører, overraskar og begeistrar sitt elevpublikum og kanskje til og med sine medutøvarar! I møtet med eit publikum i aldersgruppa 6 til 16 år, er ikkje minst evna til å kunne leike seg i opne musiske landskap og overraske på mange musikalske premissar vesentlege eigenskapar.

Oppsummert bør altså ein dyktig skulekonsertutøvar ha evner som både omfattar eit høgt instrumentalt nivå (stemma er også eit instrument), god evne til formidling, kontakt og kommunikasjon med publikum, i tillegg til eit godt blikk for dramaturgien og heilskapen i det musikalske programmet. Legg ein til ein sunn porsjon praktisk sans, vil ein ha gode føresetnader for å kunne lykkast som skulekonsertutøvar.

Korleis sikre utviklinga av skulekonsertkompetansen?
For å kunne sikre at nye utøvarar i skulekonsertordninga får høve til å utvikle ein høg kompetanse som skulekonsertutøvarar, kan det vere nyttig å sjå kva dei ulike aktørane i dette biletet kan gjere, både kvar for seg og når det gjeld samarbeid. Det er ingen tvil om at ein viktig føresetnad for å kunne lykkast, er god samhandling mellom utøvarane, produsentane og ikkje minst skulane. I tillegg spelar både kommunar, fylkeskommunar, Rikskonsertane og musikkutdanningsinstitusjonane viktige roller. Det er også viktig for ein utøvar å kunne lære av andre erfarne musikarar i skulekonsertordninga. Albert Bandura nyttar eit omgrep som gjeld for dei fleste av oss: Sjølvopplevd meistringsevne (Self-efficacy). Dette er korleis vi trur vi vil kome til å meistre ei oppgåve. Dei viktigaste kjeldene til sjølvopplevd meistringsevne er ma. autentiske meistringserfaringar, altså stå på scena og oppleve korleis det er å spele ein skulekonsert. I tillegg er det viktig å observere andre, td. sjå andre program, anten live eller på video. Ein produsent vil ha ei viktig rolle som inspirator gjennom verbale tilbakemeldingar. Å vere bevisst tilstades i rommet fysisk som eit heilt menneske, vil også føre til ei styrka sjølvopplevd meistringsevne. Til sist vil ei audmjuk haldning til si eiga rolle også vere avgjerande for å styrke sin eigen kompetanse, ved å søkje etter nye og gode løysingar å gjere ting på.

Utøvarane:

  • Setje seg inn i ønskekvistmodellen og dramaturgisk tenking
  • Tenkje heilskapleg på seg sjølv som utøvar
  • Vere seg sjølv
  • Våge å utfordre, både seg sjølv og publikum
  • Ta publikum med inn i sitt musiske rom
  • Vere merksam på sine ulike roller i møtet med både skule og elevar

Musikkutdanningsinstitusjonane:

  • Legge skulekonsertane inn i sin fagplan
  • Utarbeide mål i samråd med Rikskonsertane
  • Tilsetje relevante og kompetente lærarkrefter
  • Etablerer praksisordningar i grunnskulen

Rikskonsertane / fylkeskommunen (ved produsentane):

  • Ta utøvarane på alvor
  • Lytte til innspel og idéar
  • Sjå etter gode eigenskapar og sterke sider
  • Våge å utfordre mindre sterke sider
  • Stimulere til eigenutvikling
  • Arrangere workshops og kurs med relevant fagleg innhald
  • Variere dei dramaturgiske verkemidla
  • Legge vekt på ei heilskapleg forståing av formidlingssituasjonen
  • Ta utgangspunkt i “Ønskekvistmodellen”
  • Inkludere utøvarane i høve utarbeidinga av konsertinformasjon og førebuingsmateriell (“Bruk konserten”)

    Skulane:
     
  • Gje tilbakemeldingar på konsertane (både ris og ros)
  • Ta rolla som arrangør på alvor
  • Bruke elevarrangørane som ein ressurs
  • Bruke og gje tilbakemeldingar på det utarbeidde konsertmateriellet
  • Kome med innspel til forbetringar
  • Vere i ein god dialog med både kommunane, fylkeskommunen og Rikskonsertane

    Kjelde:
    “Ønskekvisten – en håndbog i evaluering av teater, dans og musik”. Jørn Langsted, Karen Hannah, Charlotte Rørdam Larsen. Forlaget Klim, 2008.

    Tips til videre lesing:

    The Musical Lives of Young Children, John W. FlohrPrentice Hall Music Education Series, 2005
    ISBN: 0130486949

    This is Your Brain on Music, The Science of a Human Obsession, Daniel J. LevitinPlume, 2006
    ISBN: 9780452288522

    MENC Handbook of Musical Cognition and Development, ed. Richard ColwellOxford University Press Inc., 2006
    ISBN: 9780195304565